Gå til sidens hovedinnhold

Kolonne på Vidda

Artikkelen er over 7 år gammel

Ifylgje Vegtrafikksentralen vert riksveg 7 opna for kolonnekøyring klokka 19.

Hardangervidda er stengt grunna bilberging og stygt vêr. Det fortel Morten Kronen ved Politiets Operasjonssentral.

– Det har vore to trafikkulukker i området rundt Halne som har førte til at riksveg 7 vart stengt. Så kom det meldingar om dårleg vêr og det er dette som gjorde at vegen måtte haldast stengt. Du kjem deg ikkje over Hardangervidda no, fortel Kronen.

– Eit par timar ventetid

Rett før klokka 18 melde Vegtrafikksentralen at dei skal opna for kolonnekøyring på begge sider klokka 19. Trafikkoperatør Ove Amundsen ber folk om å smørja seg med tålmodigheit.

– Me vil starta kolonnekøyring på begge sider, og på Hardangervidda er det slik at me maksimalt kan ha 25 bilar i kolonne samstundes. Det er ei lang strekke med kolonne og difor må ein vera budd på ventetid på eit par timar, seier han.

Amundsen fortel at det er liten kuling og dårleg sikt på fjellet. Ifylgje trafikkoperatøren vil kolonnekøyringa vedvara, og det vil verta tatt løpande vurderingar om køyretilhøva.

Førarkort beslaglagt

Kronen frå Politiets Operasjonssentral kan fortelja at køyretilhøva elles har vore greie i dag. Men to personar fekk beslaglagt førarkort.

– Ein vart teken i 118 km/t i 80-sona ved Sivletunellen og den andre vart teken på E16 på Dale.

Han kan melda at dei har fått ein del meldingar om stygg køyring, men at det generelt er betre enn tidlegare år.

– Onsdagen i påsken er fortsatt ein stor utfartsdag, men ikkje på same måte som tidlegare år. Trafikken fordeler seg meir jamnt i påsken no enn den gjorde tidlegare og det er ikkje lengre slik at alle reiser på ferie onsdag klokka 16, forklarer han.

Kronen sitt beste tips er rett og slett å ta det med ro.

– Kom heller fram nokre minutt seinare enn å ta dumme vurderingar i trafikken.

Kommentarer til denne saken