KOLONNEKØYRING: Skal du over vidda, må du rekna ekstra tid. Bilete er brukt som illustrasjon. Foto: Sigrid Seim

Kolonnekøyring på Hardangervidda - opp mot to timar ventetid

Vegtrafikksentralen vest melder om kolonnekøyring på Rv7 Hardangervidda.

Meldinga kom ut på Twitter klokka 17.45.

Opp mot to timar ventetid

Etter å ha vore mellombels stengd tidlegare i ettermiddag, grunna fastkøyrd vogntog, er det no kolonne på Hardangervidda.

– Det er opp mot to timar ventetid, skriv Vegtrafikksentralen vest.

Les også
Rv7 Hardangervidda er mellombels stengd