annonse

Korleis dekkjer me vanskelege saker?

VANSKELEG
VANSKELEG: Nokre saker er ikkje så enkle å skriva om.

Redaktør Geir Geitle oppsummerer ei veke som har gått frå det tragiske til det tragikomiske, men vonleg sluttar med jubel og opprykk.

Helge Søfteland
  • Helge Søfteland
  • Tlf: 950 38 833

I vekas fyrste avis kunne me lesa om den tragiske dødsulukka på ein gard i Ulvik. Korleis dekkjer avisa slike hendingar med respekt for dei som sit att, og samstundes slik at publikum får informasjon? Redaktør Geir Geitle fortel om dette og andre vanskelege tema i lokalmedia-kvardagen.

Jernbane utan stasjonar 

Denne veka kunne me og lesa at K5 alternativet for veg og bane til Bergen ligg an til å verta vel dyrt, og det vart lufta tankar om å droppa stoppestadar på Stanghelle og Vaksdal. Mange sat nok som spørsmålsteikn etter å ha lese dette, og me spør redaktøren etter svar.

Kvar høyrer FBK Voss heime?

Sundag spelar fotballherrane ein avgjerande opprykkskamp i 5. divisjon. Dei kan med siger mot Loddefjord 2 langt på veg finna fram sjampanjen, og det gler ein tidlegare storspelar, som meiner Voss bør ha ambisjonar om endå eit opprykk framover.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse