VASK HENDER: Fysisk avstand og god handhygiene er viktig, ifylgje tiltaka regjeringa vidarefører. Foto: Pixabay

Korona-tiltaka held fram til over påske

Statsminister Erna Solberg informerte i dag om at alle tiltaka for å hindra spreiing av koronaviruset vert vidareførte til over påske.

Dei strenge hygienetiltaka held fram, folk må halda fysisk avstand til kvarandre, ha god handhygiene og hosta i papir eller olbogekroken.

Det inneber vidare at ein framleis skal halda avstand til andre der ein ferdast, - med unntak av dei som er i same husstand. Innandørs bør folk ha minst to meters avstand til kvarandre, men det gjeld ikkje dei som er i familie eller same husstand.

Heimekontor og stengde skular

Regjeringa oppmodar til bruk av heimekontor for dei som kan det, og til å droppa kollektivtransport.

Barnehagar og skular vert framleis stengt, men justeringar vert vurdert.

Reglane om karantene og isolasjon etter kontakt med smitta (smittekarantene) vert vidareført.

Stenginga av ei rekkje verksemder dersom dei ikkje kan fylgja pålegga om smittevern vert vidareførte, det gjeld til dømes fysioterapeutar, kiropraktorar optikarar, fotterapeutar.

Stengde dører

Arrangement kan ikkje avviklast, og treningssenter, symjehallar, frisørar og hudpleie vert framleis stengt.

Personar som kjem til Norge skal halda seg i karantene i 14 dagar.

Ved alle helseinstitusjonar skal det kontrollerast kven som kjem inn, og det vert framleis generell stopp i besøket til pasientar og bebuarar.