Køyrde sakte, delvis i feil køyrefelt, bilen hadde ikkje kjenneteikn
Politiet hadde fleire ting å ta opp med den utanlandske trailersjåføren då dei stoppa han på Vangen måndag føremiddag.
– Det var gjort søk på han i registra våre, og me fann ingenting. Så etter formaningar om å halda rett fart, og å halda seg på si side av vegen, vart han dimittert. Det med kjenneteikn på bilen vil bli ordna, seier politibetjent Jostein Birkeland ved Voss lensmannsdistrikt.