Gå til sidens hovedinnhold

Krangel og slåsting på Vangen

Artikkelen er over 10 år gammel

Politiet rykte natt til laurdag ut til krangel og slåsting i området mellom kebaben og Park Hotell Vossevangen.

Bråket vart meldt klokka 02.57, og ein politipatrulje kom til staden kort etter.

Etter det Hordaland får opplyst, løyste bråket seg opp temmeleg fort då politiet kom.

Det er ikkje meldt om skadar på nokon. Politiet tok heller ingen med seg frå staden, opplyser Ole Geir Magnussen ved politiet sin operassjonssentral i Bergen.