Alle skal ha trygge helsetenester, uansett kvar ein bur i kommunen, meiner Bjart Magnus N. Rosvold.
Alle skal ha trygge helsetenester, uansett kvar ein bur i kommunen, meiner Bjart Magnus N. Rosvold. Foto: Jan-Egil Dyvik

KrF-topp vil vurdera legevakta på Voss

Innan helse finn ein fleire av dei viktigaste sakene for Vaksdal KrF.

– Legevakta me har på Voss er ok den, men me må sjå på korleis den fungerer. Eg er ikkje sikker på om det er optimalt alltid, seier Bjart Magnus N. Rosvold, KrF sin toppkandidat.

Ambulansen på Dale

Det viktigaste for KrF er å sjå til at det vert trygge helsetenester for alle, uansett kvar ein bur i kommunen.

– Og det med legevakta, så har me høyrt historier der folk fyrst er sende til sjukehuset på Voss og så til Bergen. Det er ikkje alltid ei god løysing. Her må me sjå på kva me kan gjera for at det skal verta betre.

I den samanhengen er ambulansen som er stasjonert på Dale avgjerande viktig å ha der.

– Ikkje minst om det verkeleg skulle hasta, understrekar han.

Tannhelse

KrF er heller ikkje glad for at den offentlege tannhelsetenesta på Dale no er borte.

– Dette må me få tilbake. Og det er viktig å sjå på avstandane mange som bur i kommunen har, for å koma seg til tannlege. Ingen må reisa lenger enn høgst nødvendig for å få slik tenester, meiner han.

Familiepolitikk

Rosvold er også oppteken av familiepolitikk.

– Stabile familiar gjev trygge born, då må tilhøva leggjast til rettes for at det kan verta slik. Då er også valfridom viktig. Barnetrygd står høgare enn SFO, kontantstøtta må aukast, det same må barnetrygda, meiner Rosvold.

Kommunen må sikra seg fagkompetanse innan PPT-tenesta, slik at ein kan trø til når det trengst.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Og barnevernstenesta? Denne må me kunna sjå på på nytt, seier han.

Skulestrukturen og barnehagane vil han ha som no.

– Det bynære bygdelivet vårt kostar, men den kostnaden er me villige til å ta. Sentraliserer ein, ja, så tek ein bort ei livsnerve i bygdene, som i neste omgang kan føra til fråflytting, fryktar han.

Vil ha éin representant til

Ungdomskontakt i kommunen har KrF vore oppteken av før, og no ynskjer dei seg ei slik stilling i 100 prosent.

– Slik me ser det, er det avgrensa kva ein kan få i ei halv stilling, slik som no.

I noverande kommunestyre har KrF to representantar, og det klare målet er éin til.

– Det er ope ved dette valet, det er alle samde i. Me har god erfaring med samarbeidet me har hatt med Ap og Sp, og me søkjer sjølvsagt posisjon no også, understrekar Rosvold.

-Alder:41 år

-Yrke: Kyrkjeverje i Vaksdal kommune

-Adresse: Holhovden, Dale

-Politisk karriere: Ikkje folkevald før