KVA SKAL TIL: Folkehelseinstituttet viser kva som skal til for å bremsa smittespreiing. Foto: Folkehelseinstituttet

Kva er regelen – litt, mykje eller heilt avstand?

Er du mellom dei som synest det er vanskeleg å halda oversikt over dei ulike råda og reglane som gjeld, for å hindra koronasmitte?

Folkehelseinstituttet har laga denne illustrasjonen som viser skilnaden mellom heimekarantene og heimeisolering, og kva som gjeld for dei som har luftvegsinfeksjon, men ikkje har fått påvist covid-19.

Hald avstand

Heimekarantene inneber mellom anna at du kan gå tur med god avstand til andre, og du kan gjera heil nødvendige ærend i matbutikk eller apotek.

Isolasjon

Heimeisolasjon har dei strengaste reglane. Det gjeld dei som har fått påvist covid-19. Du skal ikkje gå ut før legen seier du er smittefri. Du må halda avstand til dei andre i heimen, og om mogeleg bruka eige rom og bad. Overflater bør reingjerast ofte, og nokon må hjelpa deg med å handla. Dei du bur saman med skal vera i heimekarantene.

Kommuneoverlege Eystein Hauge i Voss herad understrekar at det er svært viktig at desse tiltaka vert etterfylgde.