• Kvifor feirer me påske?
  • Kvifor heiter det langfredag?
  • Kva skjedde 1. påskedag?
  • Kva tyder påsken for deg?

Iben Bertine Halvorsen Hansen

– Me feirer at Jesus stod opp igjen. Me har lært om påsken i RLE på skulen.

– Fordi Jesus måtte hengja på krossen. Fyrst måtte han dra med seg krossen veldig langt og så vart han hengt opp på det.

– Det hugsar eg ikkje heilt.

– Å vera på hytta på Mjølfjell og gå på skitur, ha skulefri og få påskeegg.

Jørgen Rokne

– Påsken er jo ein kristen tradisjon frå då Jesus vart tatt til fange. Me feirer vel at han stod opp.

– No vart eg litt usikker, men eg trur det er fordi det var ein så lang dag på krossen for Jesus.

– Eg lurer på om det var den dagen Maria kom på besøk til grava til Jesus og så var steinen til hola vekke. Det er 60 år sidan eg har hatt Bibel-soga no, så det er litt vanskeleg å hugsa.

– Eg er agnostikar så den tyder eigentleg ikkje noko særleg for meg. Eg forbind påsken med ski- og hyttetur.

Jannicke Bertelsen

– No stiller du vanskelege spørsmål. Men det er vel Jesu død og oppstandelse, er det ikkje noko slikt?

– Eg trur det er fordi Jesus måtte gå Via Dolorosa og vart krossfesta.

– 1. påskedag ja, kva var det som skjedde då? Eg hugsar ikkje om det var då dei fann Jesus eller om det var då dei ikkje fann han. Det er ikkje så lett å halda styr på slikt etter at ein er ferdig på skulen.

– Den tyder familiekos. Og det er ekstra koseleg når det er så fint vêr. Elles er påsken for meg det å slappa av, spela spel og påskeegg.

André Hellemann

– Jesus som døydde og stod opp att tre dagar seinare.

– Eg veit ikkje heilt. Kanskje det var den dagen han vart krossfesta?

– Då stod Jesus opp at.

– Ferie og ski.

Siren Haukanes Sulen

– Me feirer Jesus som døydde på krossen og at han stod opp att. Det er til minne om desse hendingane.

– No merkar eg at det eg lenge sidan eg har tenkt på dette.. Men var det kanskje langfredag han hang på krossen?

– Dette burde eg veta, eg har faktisk gått på sundagsskule og alt mogleg. Var det då han stod opp att?

– Eg må innrømma at påsken for meg ikkje har noko med det kristne å gjera. Det er ikkje den opprinnelege bodskapen som er viktigast. Eg tvilar jo litt, som mange andre. For meg personleg er påsken å ha fri saman med familie og slappa av. Men eg syns likevel det er viktig at me veit kva det er me feirar, for det er faktisk ein del av kulturarven vår.

Erik Lærum Harloff

– Fordi Jesus lever igjen.

– Då døydde han. Han vart hengt opp på ein kross.

– Det veit eg ikkje.

– Påskehare og påskeegg.