- Denne flytebryggja må fjernast så fort som råd, seier politiet på Voss.
- Denne flytebryggja må fjernast så fort som råd, seier politiet på Voss. Foto: Privat

Kven eig denne flytebryggja?

Politiet ber eigaren om å melda seg.

På Kvåle ligg ei flytebryggje tilsynelatande forlaten. No er politiet kopla inn i saka.

– Me ynskjer å koma i kontakt med eigaren av flytebryggja. Flytebryggja er festa i ei privat blåse som gjer det vanskeleg for eigaren av blåsa å ha sin private båt liggjande der, seier politibetjent Jonas Mong ved Voss lensmannskontor.

– Meld deg!

Eigaren av flytebryggja vert beden om å ta kontakt med Voss lensmannskontor så fort som mogleg.