I AUTOVERNET: Lastebilen hamna utfor ein sving og inn i autovernet. Ingen er skadde i uhellet. Foto: Politiet

Vogntog tok med seg 20-30 meter autovern på E16

Eit vogntog køyrde utfor ein sving og trefte autovernet på Vossestrand. Ein annan bil hamna i autovernet.

Politiet fekk melding om trafikkuhellet klokka 07.35 laurdag.

– Ein lastebil med hengjar har køyrd ut i ein sving, og deretter treft autovernet og øydelagt rundt 20 til 30 meter av dette, skriv dei på Twitter.

Hendinga skal ha skjedd på Vossestrand i Oppheimsvegen like ved Haugsvik, heilt i enden av Oppheimsvatnet.

Ein bil som kom i motgåande køyrefelt køyrde i autovernet.

– Det er ingen personskade etter uhellet, melder politiet.

Stengde vegen

Brannvesenet er på staden, og jobbar med å få vekk dieselsøl frå vegen.

– Det er leke ein del diesel på staden, så brannvesenet jobbar med dette, står det på Twitter klokka 08.17 laurdag.

Vegen vart difor stengd, rundt klokka halv ti vart vegen opna att.

KØ: Det var kø etter at ein lastebil hamna i autovernet på E16 laurdag morgon. Brannvesenet jobba med å få vekk diesel i vegen. Foto: Anita Halrynjo Lunde

Hordaland har fått fleire tips, og dei melde om lang kø på staden etter hendinga.

Ifylgje politiet skal det vera glatt på staden.

Artikkelen held fram under annonsen.