FANN MANNEN: Luftambulansen fann den tyske mannen i god behald på Hardangervidda. Biletet er frå arkivet. Foto: Lars Olve Hesjedal

Leitte etter hundekøyrar på Hardangervidda

Politiet og frivillige mannskap leitte etter ein tysk mann med hundespann på Hardangervidda.

Onsdag føremiddag leitte politiet og frivillige mannskap etter ein tysk mannen i 40-åra.

Ifylgje NRK fann luftambulansen mannen i god behald rundt klokka 13.30.

Held fram turen på vidda

Ifylgje politiet ville ikkje mannen ha hjelp, og heldt fram turen mot Imingfjell.

Mannen gjekk frå Halne Fjellstugu saman med eit hundespann laurdag.

Halne Fjellstugu ligg langs rikveg 7 i Vestland fylke.

Les også
Meteorologane lovar litt sol i påsken