HAR PUMPA UT: Teknisk avdeling har pumpa ut vatn frå vasskummen i Skulestadmoen der lekkasjen fann stad. Foto: Even Molland

Vatnet tilbake for dei fleste

Dei aller fleste som vart råka av vasslekkasjen i Skulestadmoen i dag tidleg, har fått vatnet tilbake.

Det var frå klokka 09.00 at rundt 200 abonnentar vart utan vatn medan heradet lokaliserte lekkasjen.

Det viste seg at han var i ein vasskum ved dei gule eldrebustadene vis a vis Voss vidaregåande skule.

– Klokka 11.30 var vatnet tilbake til alle abonnentar, så nær som tre, seier Even Molland ved teknisk avdeling i Voss herad til Hordaland.

Dei tre vil diverre vera vasslause ut dagen, fordi heradet ikkje får vølt lekkasjen før i morgon. Enn så lenge er lekkasjen berre isolert.

– I morgon, torsdag, vil alle dei rundt 200 abonnentane i området vera vasslause frå 0900 til 1600.

PÅ UBESTEMT TID: – Me jobbar for å vatnet tilbake til dei 200 abonnentane, men kan ikkje lova kor fort det går, seier Even Molland i teknisk avdeling i Voss herad. Foto: Even Molland