Alle dei politiske partia lova ny barnehage i Granvin. Men til kva for ein pris?
Alle dei politiske partia lova ny barnehage i Granvin. Men til kva for ein pris? Foto: Jan-Egil Dyvik

Lovar ny barnehage i Granvin

...Men det kan henda gravensarane må nøya seg med ei billegare løysing enn heradsstyret har vedteke å byggja.

Det er noko av essensen etter det politiske møtet som Voss Arbeidarparti skipa til i gymsalen i barne- og ungdomsskulen onsdag.

Barnehagen

Eit møte som samla om lag ein fullsett sal med rundt 80 i frammøtte. Møtet kom sjølvsagt til handla om dei tinga som er viktige for gravensarane, når det no er i underkant av fire månader att før Granvin og Voss vert eitt frå nyttår.

Barnehagesaka vart det brukt mykje tid på, både stadval og kostnad og kva som har skjedd, og kanskje kjem til å skje.

– Slik som saka har utvikla seg med tanke på kostnaden, så vil vedtaket som heradsstyret i Granvin har gjort, føra til at andre sine pengar vert brukte om det vedtaket skal realiserast, var Hans-Erik Ringkjøb (Ap) sin kommentar.

Smerteleg

Og han minna om at den lange lista med alle gode tiltak i nye Voss Herad, ho er for lang. Det vil smerta å gjera den kortare, det vert tøffe tak framover, trur Ringkjøb.

– Det vert i alle fall lettare å prioritera når prisen er komen ned, minna Arnfinn Gjerdåker (SV) om.

Iril Schau Johansen (H) tykte det er betjenkeleg at eit fleirtalsvedtak i Granvin vert sett spørsmålsteikn ved alt no.

– Det vert vist til at det skal skje mykje i sentrale strok, me stør i alle fall Granvin sitt vedtak, sa Johansen.

Elin Seim (V) sa det vil vera uansvarleg alt neste veke når fellesnemnda skal ha møte, å vedta eit prosjekt som er 20 millionar kroner dyrare enn fyrst rekna med, sa ho.

– Det kjem barnehage i Granvin, det er heilt sikkert, forsikra Gjerdåker.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ingen av dei som tok ordet var imot at det skal koma barnehage, spørsmålet er heller kvar den skal byggjast, korleis og kanskje også når den kjem.

Bompengar

Eitt anna tema som vart teke opp frå salen, var bompengestasjonen i Svelgane.

– Det kjennest svært urettvist at me skal betala pengar for å koma til den nye kommunesenteret vårt der, og få kommunale tenester, vart det sagt frå fleire i salen.

Vossordførar Ringkjøb kommenterte saka med at dette har vore drøfta i fellesnemnda før.

– Det er to år til det er slutt med bompengar i Svelgane, og då Vossapakka kom, var det ikkje aktuelt med at Granvin og Voss skulle verta eitt. Av praktiske årsaker er det ikkje gjort noko meir, det er for kort tid til å få endringar, meiner Ringkjøb.

Det vart likevel teke til orde for å ta eit initiativ til statsråden for å få sletta gjelda og avvikla stasjonen. Ikkje minst Schau Johansen kunne tenkja seg å stø eit slikt brev frå ordføraren.

Akkurat denne saka hadde gått under radaren til Øystein Ormåsen (MDG), som elles fortalde at MDG er glade i bomstasjonar.

– Men slik som dette med ein stasjon dom gravensarane må betala for å koma til Voss, slik skal det no ikkje vera, la han til.

Legekontoret

Legekontoret var eit anna tema, og her er det også tverrpolitisk semje om at det skal vidareførast.

– Men då må gravensarane bruka det framover, åtvara Ringkjøb. Legekontoret står også på den lange lista over gode tiltak som må prioriterast.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ingen kan garantera i dag at det vert heilt som i dag, la han til.

– Dette prosjektet kostar nokre få hundre tusen kroner i året. Det er meiningslaust å leggja kontoret ned, vart det sagt frå salen, til litt spreidd applaus.

– Det er noko som går føre alt, liv og helse. Og det er langt betre å frakta ein lege til Granvin enn pasientar til Voss, var Gjerdåker sin kommentar.

Seim minna om at det er ei fastlegekrise i landet.

– De veit også korleis legetenesta har vore her dei siste ti åra. 80 prosent av nye legar er kvinner, og det er verre for dei å etablera seg i distrikta, og nye legar vil ha større fagmiljø, åtvara ho.

MDG vil vidareføra legetenesta i Granvin som i dag, det same vil KrF og Høgre og dei andre i panelet som kommenterte saka.

Identiteten

Politikarane var også innom barnefattigdom, der det viser seg at det prosentvis er fleire i Granvin enn i Voss. Og så vart det poengtert at det ikkje er borna som er fattige, det er foreldra.

Det siste temaet var identiteten til hardingane, som dei vil ha med seg inn i nye Voss herad.

– Dei tre f’ane i fjord, fjell og frukt, det trur me kan vera stikkord i det nye me skal inn i, sa Seim, – her vil mykje av identiteten liggja, meiner ho.

Identiteten skal få leva vidare, smalahove og sider og dans og felespel side om side, var Ringkjøb sin kommentar. Schau Johansen kunne faktisk tenkja seg å spela fele om Ringkjøb vil dansa, som ho smilande sa.

Artikkelen held fram under annonsen.

Frp-stev

Ormåsen såg fram til Voss herad sin nye fasade mot fjorden, og Annlaug Haugse Såkvitne (Sp) vedgjekk at det hadde vore tøft for henne ei stund då ho måtte innsjå at det ikkje vart noko hopehav med Eidfjord.

– Men me er godt mottekne av vossingane. Me har ei positiv utvikling med auke i folketalet, det borgar for ei fin utvikling i tenestene våre. Og så må me utvikla oss saman i eit nytt indre Vestland, sa ho.

– Endeleg kan me konkurrera med Flåm med tilgang til fjorden. Det ser eg fram til, og eg ynskjer turistane velkomne, mange turistar, sa Knut Ståle Kvissel frå Frp, som faktisk avslutta det politiske møtet med å syngja eit stev.

Berre så synd at ikkje høgtalaranlegget var heilt på Kvissel si side for stevjing – den positive tonen var der, medan orda vart litt for utydelege for oss i salen.

jed@avisa-hordaland.no