Vy og Bergensbanen er mellom dei som har vorte råka etter lynnedslag. Vakthavande ved Voss Engeri fortel om fleire nedslag lokalt.
Vy og Bergensbanen er mellom dei som har vorte råka etter lynnedslag. Vakthavande ved Voss Engeri fortel om fleire nedslag lokalt. Foto: Marita Saue Hamre/Arkiv

Mange lynnedslag skapa problem

Kraftige lynnedslag førte til straumstans fleire stader sundag.

Bergensbanen stod stille ei stund etter lynnedslag på Mjølfjell sundag. 

Etter nedslaget var området framleis utan straum, men Vy sine tog kom seg i trafikk att.

– Toga går, men dei har ikkje straum frå oss etter stansen. Så dei har andre kjelder no. Det tek tid før me får retta opp feilen, seier vakthavande i Voss Energi, Jan Olav Opheim. 

Les òg:

-Brannvernet rykte ut på to alarmar.

-Tunelltrøbbel på E16.

Straumstans fleire stader

Han fortel om mange lynnedslag, og straumstans fleire stader sundag.

– Me dei fleste skal ha fått straumen tilbake no, og dei som ikkje har fått, får det snart. Me jobbar med saka, seier Opheim. 

Samstundes med feilen på Mjølfjell oppstod det ein feil som  har ført til straumproblem i område runde Oppheim og Myrkdalen. 

På Grauaberget førte eit lynnedslag til brann i ein isolator i ein betongmast. Her har ingen mista straumen, fortel Opheim. 

Artikkelen held fram under annonsen.

700 nedslag

Vakthavande meteorolog Frode Hassel ved Vervarslinga på Vestlandet fortel tilNRK at det har vore svært mykje tordenver på Vestlandet sundag føremiddag.

– Det har vore mykje lynaktivitet i Rogaland og Hordaland, seier Hassen.

På hans skjerma har han oversikt over kor mange lynnedslag det har vore i løpet av periodar på fem minutter.

– Det høgaste eg har sett er opp mot 700 lynnedslag på fem minutt. Det er nokså heftig, seier Hassen til NRK.