TOTALSKADD: Tremannsbustaden som brann måndag kveld er totalskadd. Bebuarane vart evakuerte, men ingen vart skadde i brannen. Foto: Jan-Egil Dyvik

Mann fengsla i fire veker etter brannar

Mannen i 50-åra er ikkje straffa før, men politiet meiner han står bak brannane på Dale.

Onsdag vart mannen som er sikta framstilt for fengsling.

– Han nektar straffskuld, er ikkje straffa tidlegare og er ikkje kjend av politiet. Han har forklart at brannen i tremannsbustaden kan ha starta ved eit uhell, seier forsvarar Eirik Nåmdal til Bergens Tidende.

Under fengslingsmøtet i Bergen tingrett forklarte mannen at han tente på nokon stearinljos, lét dei brenna og forlét leilegheita for å gå på tur.

TENTE LJOS: Ifylgje den sikta i saka tente han stearinljos og let dei brenna medan han gjekk på tur. Slik såg det ut måndag kveld då brannen starta. Foto: Stine Strand Carlsen

Tatt med fyrstikker på seg

Retten utelukkar ikkje at brannen starta ved eit uhell, men held det for sannsynleg at mannen tente på med vilje.

– Me meiner brannen er sett på, men det er tidleg i etterforskinga og mykje å få oversikt over, seier politiadvokat ved Vest politidistrikt, Thomas Arntsen, til BT.

Ifylgje avisa vart det funne fyrstikker på mannen då han vart arrestert måndag kveld kort tid etter brannane i tremannsbustaden og på Dale stasjon.

Under fengslingsmøtet høyrde ein bebuar i huset banking frå leilegheita der brannen starta.

Retten meiner at mannen i 50-åra var i leilegheita like før det tok fyr.

Stor fare for ny kriminalitet

Mannen er mistenkt for å stå bak to brannar, sjølv om retten ikkje utelukkar at brannen i tremannsbustaden kan ha starta ved eit uhell.

Bergen tingrett meiner det er stor fare for at han kan gjera fleire kriminelle ting dersom han blir lauslaten.

Ingen vart skadde i brannane, men fleire bebuarar vart evakuerte ved bustaden og på Dale stasjon.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ifylgje BT var mannen prega etter å ha vore i arresten i to netter, og deretter blitt framstilt for fengsling.