Allle naudetatar rykte ut til ulukka.
Allle naudetatar rykte ut til ulukka. Foto: Bjørn Sandnes

Mann i 20-åra omkom etter fallskjermlanding i Vangsvatnet

- Me gjorde alt me kunne, men livet sto ikkje til å redda.

Fallskjermhopparen landa i vatnet klokka 19.36 laurdag kveld, og alle naudetatane rykte ut til ulukka.

Luftambulanse var på staden like etter klokka 20. 

- Det vart utført livreddande fyrstehjelp i nesten ein time, men livet sto ikkje til å redda. Me er alle i sorg, seier Andreas Håland Hemli, dagleg leiar i Voss fallskjermklubb, til Hordaland.

Hard landing

- Han skulle landa på ein flåte på Vangsvatnet, men bomma, og fekk ei hard landing. Redningsbåten kom til med ein gong, og det vart utført livreddande fyrstehjelp med ein gong før helsepersonell kom til. Me gjorde alt me kunne. Dette er berre frykteleg tragisk alt saman, seier Hemli.

Kontaktar kriseteam

Mannen som omkom er 20-åra, ifylgje Hemli. Ulukka skjedde i vatnet i nærleiken av volleyballbana i Prestegardsmoen.

Full utrykking på staden.
Full utrykking på staden. Foto: Mike Martinussen

- No skal alle involverte ha debrief, og me er også i tett kontakt med kriseteamet i kommunen, seier Hemli.

Pressemelding frå politiet

Klokka 22.55 laurdag stadfester politiet i ei pressemelding at mannen er omkomen.

- Klokka 20.23 vart vedkommande bekrefta omkomen. Pårørande er varsla. Politiet vil etterforska saka, skriv operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Steinar Hausvik.

Det utføres førstehjelp på den skadde mannen. Vedkommende er bevisstløs.

— Vest politidistrikt (@politivest)September 7, 2019