Politiet har avhøyrt fornærma og to vitne etter ein knivtrugsel på Vangen sundag.
Politiet har avhøyrt fornærma og to vitne etter ein knivtrugsel på Vangen sundag. Foto: Lars Olve Hesjedal/Illustrasjon

Mann truga med kniv på Vangen

Ein mann truga ein annan mann med kniv på Vangen.

Tildraginga fann stad ein gong mellom klokka 16.00 og 16.30 sundag ettermiddag.

– Me har avhøyrt fornærma og to vitne som begge seier det same. Mistenkte har me ikkje avhøyrt, då han ikkje var å få tak i sundag. Me har grunn til å tru at han køyrde heim til Bergen. Me har difor varsla politiet der, seier politibetjent Arild Amundsen ved Voss lensmannsdistrikt.

Ingen skadde

Det vart ingen skadar i samband med trugslane.

Politiet på Voss har ikkje funne kniven.

Fornærma og mistenkte kjenner kvarandre frå før.

Les òg:

-Sjåfør vart stansa to gonger i kontroll.

-Hjort trakk ned hogstfelt, sprang inn i sida på bil.