DIRIGERING: Det er manuell dirigering ved Haugsvik etter trafikkulukka sundag kveld. Foto: vegvesen.no

Det var manuell dirigering ved Haugsvik fram til 15.30 måndag

Det skuldast berging av eit vogntog som køyrde av vegen sundag kveld.

Vogntoget vert tømt no, melder Vegtrafikksentralen klokka 12.33.

– Det er snakk om ein tankbil. Det vert nytta sugebil for å få tømt han, seier trafikkoperatør Jahn Marøy ved Vegtrafikksentralen Vest til Hordaland.

Vegen har ikkje vore stengd sidan sundag kveld.

Les også
Trailersjåfør skadd etter utforkøyring på E16