Ho starta karrieren på viseklubben Storken i Stockholm på slutten av 1960-talet, og har lenge vore ein bauta i den sterke, svenske visetradisjonen.

Ein konsert med Marie Bergman brukar å vera ei stor musikalsk oppleving, og ei meiningsfull stund.

Som Bergman sjølv seier det: «Kvar song er ei verd, og innhaldet i den songen gjer verda meining.» Konserten på Ringheimskafeen i kveld er ein sjeldan sjanse.