Mariell Hetlesæter Morken var godt påkledd i dei to finalane laurdag i uværet på Jessheim. Ho vann kule, medan det blei sølv i slegge. Fredag vann ho diskos.
Mariell Hetlesæter Morken var godt påkledd i dei to finalane laurdag i uværet på Jessheim. Ho vann kule, medan det blei sølv i slegge. Fredag vann ho diskos. Foto: Vestpress

Mariell (16) slo til igjen i NM

Mariell Hetlesæter Morken (16) kopierte medaljefangsten frå i fjor på UM (NM for yngre). Ho vann diskos og kule, medan det blei sylv i sleggje.

Jenta frå Voss leiar noregsstatistikken på dei tre kastøvingane ho prioriterer.

Mariell hadde håpa å avslutta meisterskapssesongen med nokre verkeleg gode sportslege resultat denne helga. Det sette vergudane ein effektiv stoppar for. Der styrtregna og bles heile laurdagen då Marielle hadde sine to siste finalar. Fredag vann ho diskos.

– Her var det ikkje mogleg å setja personlege rekordar, konstaterte Mariell.

Gode prestasjonar

Mariell sin pers i kule på 14,89 er over U-18 EM-kravet. I helga vann ho på 13,17. Sylvet gjekk på 11,93.

– Før helga var målet å koma meg over 15 meter. Det er ei barriere eg har potensial til å bryta, seier ho.

Sjølv om Mariell har tatt EM-kravet for meisterskapen i Paris neste sommar må ho ta kravet også i 2020.

Tøff konkurranse

I kule og diskos er Mariell heilt suveren i Norge. I sleggje er gullvinnaren frå Modum på skothald. Mariell har kasta 54,16, medan Ruth Nilsen har ein pers rundt vinnarkastet i helga. På Jessheim kasta dei 50,22 og 50,43.

Det regna tett då sleggjekonkurransen gjekk. Mariell hadde då kasta kule like før i knappe ti gradar og skikkelege byer.

Tøffe vêrforhold

Mariell sleit med teknikken i sleggje i ein våt og vanskeleg ring.

– Eg var klar over at det ville bli tøffast å vinna sleggje. Det var her eg fekk sylv i fjor, og det er og her eg har min hardaste konkurrent tettast på, seier Mariell som er sær nøgd med si utvikling i denne øvinga i 2020.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kva U-18 EM-kravet her er, veit eg faktisk ikkje, men det er nokre meter fram, seier Mariell som har fokus på utvikling av teknikk og personleg framgang i staden for konkrete krav ho skal oppnå.