Foto: Daniel Melve Kvarme

Ein person køyrd til sjukehus etter MC-ulukke

Politi og ambulanse rykte ut til ei motorsykkel-ulukke på Voss.

Vest politidistrikt skreiv på Twitter at kl. 13.25 hadde det vore ei singel MC-ulukke på Voss.

Det er snakk om to personar på ein lett-motorsykkel, som skal ha sklidd på grusen.

Ein person vert køyrt til legevakta på Voss, medan den andre vert køyrt til traumemottaket på Voss sjukehus.

Føraren og passasjeren er begge bevisste.

Både ambulanse og politi rykte ut til ulukkesstaden.