Øyvind Wæhle losa folk ombord i kabinane.
Øyvind Wæhle losa folk ombord i kabinane. Foto: Sjur Tveito

– Me er strålande nøgde med oppmøtet

I løpet av opningsdagen tok over 1000 passasjerar turen opp til Hangurstoppen.

Mange skodelystne tok gondolbanen påopningsdagen til Voss Gondol torsdag.

I løpet av dagen tok over 1000 passasjerar turen opp til Hangurstoppen.

– Dette er me svært nøgde med. Det var mykje lokalfolk som tok banen, men også ein god del turistar, seier administrerande direktør i Voss Resort, Øyvind Wæhle.

Les òg:

-Fyrste mann på toppen.

-Dette er namna på gondol-kabinane.

-Sjå direktesendinga frå gondol-opninga her.

– Eg vart rørt

Han fortel at han vart rørt av alle dei fine tilbakemeldingane som kom inn.

– Eg er heilt overvelda over all rosen me har fått. Folk vart særleg imponert over kor fint det var blitt på toppen, og skrytte veldig av restauranten. Etter så mykje arbeid, er det klart at slikt varmar, seier Wæhle.

Håpar på god trafikk

Han trur og håpar at folk held fram å ta banen framover.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg trur dette vil verta eit populært tilbod. Dette er ein fantastisk måte å sjå Voss på, avsluttar han.