Meir pengar til opprydding i regjeringskvartalet

(NPK-NTB): I revidert nasjonalbudsjett for 2012 vil regjeringa auka løyvinga til oppryddingsarbeidet i regjeringskvartalet etter terroraksjonen 22. juli med 770 millionar kroner.

Det har kosta meir enn dobbelt så mykje å rydda opp og sikre regjeringskvartalet etter terrorangrepet enn det regjeringa først rekna med, skriv NRK.

Nå vil regjeringa løyva meir pengar til arbeidet.

– Dei 770 millionane kjem i tillegg til ei løyving på nesten 650 millionar som vi hadde før jul. Det er heilt nødvendig for at vi skal kunna betala husleige, nødvendige tryggingstiltak og opprydding i regjeringskvartalet, seier Fornyings-, administrasjons- og kyrkjeminister Rigmor Aasrud.

Opprydding og sikring i regjeringskvartalet har allereie kosta staten 1,45 milliardar kroner. Då kjem kostnader til rettssaka, helse og politi i tillegg.

– Då vi la fram statsbudsjettet i oktober, hadde vi ingen oversikt over kor omfattande sikringsarbeidet og restaureringsarbeidet var. Vi hadde heller ikkje oversikt over at tryggingstiltaka i dei nye lokala som departementa skulle inn i, eller kor høy husleiga der var. Så det var eit veldig, veldig usikkert anslag, seier Aasrud. (©NPK)