MANGLA FØRARRETT: Føraren av denne bilen med hengar hadde ikkje dokumenta i orden. Foto: Statens vegvesen

Meld for å køyra utan førarrett

Statens vegvesen har etter ein kontroll på Vossestrand tysdag meld ein førar på grunn av manglande førarrett,

I kontrollen vart i alt 35 køyretøy sjekka, der dokument, dekk, kjettingar og lastsikring vart kontrollert.

Eitt køyretøy fekk bruksforbod på grunn av manglande lastsikring, ein tilhengjar fekk bruksforbod fordi den mangla ljos. Tre bilførarar fekk gebyr fordi dei ikkje hadde med seg vognkort.

I kontrollen vart eitt køyretøy avskilta, grunnen er manglande periodisk køyretøykontroll.