NYE SMITTA: Roald Aga Haug, ordførar i Ullensvang kommune, melder om to nye postive prøvesvar. Foto: Karl Ystanes

Melder om nye smittetilfelle i dag

Ordførar Roald Aga Haug melder om nye positive prøvesvar i Ullensvang tysdag.

– To nye positive prøvar vart meld i dag, opplyser Roald Aga Haug i ei pressemelding torsdag ettermiddag.

Det er 47 smitta i utbrotet i Ullensvang så langt. Per i dag er 18 personar i isolasjon, og 115 personar er i karranten.

Aldersgruppa 65 til 74

– Kommunen har fått svar på 68 testar tatt i går, desse var alle negative. Eit svar har ikkje ikkje klart, men vert rekna med i løpet av dagen, opplyser Aga Haug og held fram:

– Det vert vaksinert no i aldersgruppa 65 til 74 år og personar med særleg høg risiko samstundes.

Les også
Blokkerer helikopter-hangar i Bømoen