E16 vart stengd etter melding om steinras - viste seg å vera snø og is

Hernestunnelen på E16 ved Evanger vart stengd på grunn melding om stein i vegen. Vegtrafikksentralen melder at det berre var is.

Klokka 08:56 tysdag morgon melde Vegtrafikksentralen vest om at det var kome meldingar om at steinar hadde falle ned i Væletunnelen.

Ifylgje trafikksentralen vart Hernestunnelen stengd fordi Væletunnelen ikkje var mogleg å stengja.

– Vegen er opna att etter at entreprenøren har vore der. Det viste seg at det var snø og is, opplyser Vegtrafikksentralen.

Tunellane ligg langs E16 nokre hundre meter frå Evanger sentrum i retning Bergen.