Røykutvikling i trailer stengde tunellar på E16

Fire tunellar på E16 vart stengde etter melding om røykutvikling frå trailer.

Like etter klokka 20 fredag kveld melde Vest politidistrikt om stengde tunellar på E16.

– Hjulet på traileren hadde låst seg på det tunge køyretøyet. Tunellane er ventilerte og opna att, seier operasjonsleiar Eivind Hellesund hjå Vest politidistrikt til Hordaland.

Gudvangatunnelen, Fretheimtunnelen, Flenjatunnelen og Onstadtunnelen vart stengde etter hendinga.

Fekk stansa utanfor tunellen

– Tunellane vart stengde på grunn av røykutviklinga frå traileren og svidd gummilukt, seier Hellesund.

Føraren av traileren fekk stansa like utanfor Gudvangatunnelen og varsla sjølv om hendinga.

Traileren køyrde retning aust. Politiet rykte ut til hendinga.

Les også
Rykkjer ut etter melding om røykutvikling i silo