Det er eit område kalla Stølsheimen i Nordhordland som no kan bli teke ut av kartet over område som er tilrådd til vindkraft.
Det er eit område kalla Stølsheimen i Nordhordland som no kan bli teke ut av kartet over område som er tilrådd til vindkraft. Foto: Liv Anne Aanesen/Arkiv

Modalen seier nei til vindkraft i Stølsheimen

Eit stort fleirtal i kommunestyret i Modalen samla seg om å støtta at område 18-B som ligg innanfor kommunegrensene, er teke ut av framlegget til nasjonal ramme for vindkraft.

To røysta mot forslaget, Ann Jorunn Farestveit og Sigrun Almelid Birkeland, begge frå Solrenningslista.

Dei folkevalde brukte nokre timar på å samla seg om ein felles uttale, etter å ha rydda for ugildskap og fått inn varafolk. Gruppemøte måtte også til for å få ein tekst som flest mogleg kunne samla seg om.

Ugildskapen heng også saman med at Norsk Vind Energi har søkt om eit eige prosjekt i området dei kallar Stølsheimen. Handsaminga av dette er sett på vent inntil lagnaden med den nasjonale ramma for vindkraft er vedteken.

– Litt tilfeldig

I uttalen som vart vedteken heiter det mellom anna at Modalen støttar Masfjorden og Gulen kommunar sine uttalar. Dei attverande områda i analyseområdet, kan heller ikkje reknast som konfliktfrie.

Natur- og friluftslivsverdiar – også i nabokommunane – vil verta påverka av vindkraftutbygging.

– Det verkar litt tilfeldig kven som er ekskluderte og kven som er inkludert i analyseområde 18-B i framlegget til Nasjonal ramme for vindkraft, kjem det fram av uttalen.

Omsynet til den samla belastinga på natur, biologisk mangfald og landskap meiner fleirtalet i kommunestyret burde vera med i handsaminga av heile analyseområde 18-B.

Konsesjonsprosessane

Vindkraftutbygging bør vurderast etter grundige og ordinære konsesjonsprosesser, baserte på konkrete lokalitetar og avveging av interesser.

– Dagens konsesjonsprosessar må endrast slik at dei fylgjer alminnelege konsesjonsrettslege prinsipp, der det er dei endelege utbyggingsplanane som vert konsekvensutgreidde og sende til høyring, heiter det.

Sjølve rammeplanen har svake punkt og det verkar uklart kva som er føremålet, meiner dei folkevalde.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mange svake punkt

Det kan framleis søkjast om bygging av vindkraftverk utanom rammeplanen, også i område som er ekskluderte med fagleg grunngjeving.

Det kan føra til mykje ressursbruk både i direktoratet og i lokalsamfunna, noko som ikkje er i tråd med regjeringa sitt mål om ei meir effektiv behandling av konsesjonssøknader for vindkraftprosjekt i framtida, meiner altså fleirtalet av dei folkevalde i Modalen.

– Framlegget til nasjonal ramme for vindkraft på land har store svake punkt slik framlegget er i dag. Det vil mellom anna medføra unødig press på dei områda som er med i planen, heiter det.