STEIN FALL NED: Modalstunnelen vart fyrst stengd, sidan vart det nytta fylgjebil sundag ettermiddag. Arkivfoto: Jan Egil Dyvik Foto: Jan-Egil Dyvik

Stein fall ned i tunell – stengde vegen

Fv 569 Modalstunnelen vart stengd sundag føremddag, etter at stein har falle ned. Vegvesenet melder at mannskap no er på plass med fylgjebil, og at køyring med denne byrjar klokka 16.00.

Dette melder Vegvesenet på Twitter.

Fyrste meldinga vart publisert sundag klokka 11.00.

I same meldinga vart det også varsla at entreprenør var på plass.

Vert rydda måndag morgon

I oppdatering etter klokka 14.00 forklarar Vegvesenet at det er redusert framkome i tunellen, grunna at ein sten fall ned.

Steinen vil ikkje verta fjerna før måndag morgon.

Vegvesenet melder vidare at det vert nytta fylgjebil gjennom tunnelen, og at tunellen vil haldast stengd til klokka 16.00, då køyring med fylgjebil byrjar.