Innhaldet fløymde nedover bakkane på Gjerdåker, over jernbanelina og ned i Gilbaret.

- Men det må seiast, at sjølv om det visuelt ser ille ut, er det i røynda for det meste regnvatn som flyt, seier Gjerdåker.

- Det er ein open kumme som har kollapsa i løpet av natta. I botnen låg det noko møk, og så var det halvanna meter med opplagra regnvatn i tillegg. Så det ser verre ut enn det er.

- Me fekk melding om dette klokka 09.20 i dag, og har hatt folk på staden. Voss kommune har også sendt folk for å sjå korleis dei kan hjelpa, seier politiførstebetjent Audun Høyland ved Voss lensmannskontor.