Ein morosam mann.
Ein morosam mann. Foto: Helge Søfteland

Morosam musikalsk historietime

Orgelet skulle kanskje ikkje hatt den statusen det har i kyrkja i dag, om ein ser på historia til instrumentet, fortel Wolfgang Plagge i denne videopodkasten.

Orgelet hadde ei ganske sentral rolle då dei første kristne vart kasta til løvene i det gamle Roma, røpa meisterpianisten, då han underheldt tilhøyrarane på Soloscena "Bjølleslåtten" under Osafestivalen fredag.

Beinbrett

Vidare kunne han opplysa om at instrumentet han spelar på like gjerne kunne kallast beinbrett, igjen på grunn av orgelet sine historiske anar bygt på kroppsdelar. Høyr fleire interessante musikalske underlegheiter i denne podkasten.