Ein motorsykkel har støytt saman med en bil i Eidfjord sentrum.
Ein motorsykkel har støytt saman med en bil i Eidfjord sentrum. Foto: Daniel Melve Kvarme/Arkiv

Motorsykkel mot bil i Eidfjord

Ein person vart skadd då ein motorsykkel og bil krasja i Eidfjord.

Onsdag ettermiddag krasja inn i ein personbil i Eidfjord.

– Føraren av sykkelen vart skadd, men ikkje alvorleg, seier Robert Veseth hjå Voss lensmannsdistrikt.

Føraren av motorsykkelen er ein mann i 40-åra.

Inndrege førarkortet

Politiet har oppretta sak etter ulukka.

– Føraren av personbilen, som er ei dame i 50-åra, fekk inndrege førarkortet, opplyser Veseth.

#Eidfjord1528 Meldt om trafikkulukke i Eidfjord sentrum. Motorsykkel mot bil. MC-fører er oppegående, men har smerter i kroppen. Brann på staden. Politi og ambulanse undervegs.

— Vest politidistrikt (@politivest)July 9, 2019