Ein motorsyklist har kollidert i Ulvik.
Ein motorsyklist har kollidert i Ulvik. Foto: Daniel Melve Kvarme

Motorsyklist kolliderte i Ulvik

Førar frakta til Voss sjukehus med lettare skade.

Klokka 14.44 laurdag melde Vest politidistrikt på Twitter at ein motorsykkel har kollidert i Ulvik.

Motorsyklisten skal ha falle på sykkelen.

– Det var ein mann i 70-åra, opplyser Vest politidistrikt. 

Frakta til sjukehus

Mannen vert frakta til Voss sjukehus med ambulanse.

– Førar skal vera lettare skada.

Alle naudetatar rykte ut til staden.

Ulukka skjedde i Espelandsvegen, melder brannvesenet på Twitter.