– Eg gjekk frå kontoret mitt som normalt klokka 23 i går kveld, og høyrde då eg kom heim at det var kome bombetrussel mot Stortinget. Då eg kom på jobb i dag tidleg var det sperringar heile vegen mot Karl Johansgate, og uråd å ta seg inn i bygget den vegen.

Vart slusa inn

Me som skulle på jobb måtte dermed nytta inngangen om Wesselsgate, der me vart slusa inn ein og ein, seier Hilde Magnusson.

Inne på Stortinget har likevel dagen gått omtrent som normalt, seier Voss sin representant i nasjonalforsamlinga.

– Me har hatt oppe boligmeldinga som snart skal koma, og me har diskutert om parlamentarisme er ei god ordning for kommunane. I tillegg har det vore spørjetime, der helseminister Jonas Gahr Støre har svara på spørsmål knytt til psykiatri. Kort og godt ein heilt normal dag på Stortinget.

Alt normalt att

– No i ettermiddag har me gruppemøte, der me mellom anna skal drøfta erfaringar frå hendingane 22. juli, kan Hilde Magnusson fortelja over mobiltelefon frå Stortinget.

Etter at politiet fyrst pågreip feil gjerningsmann i morgontimane onsdag, kunne dei i 14-tida onsdag melda at den rette mistenkte var pågripen – på Lambertseter. Mannen, som er i 20-åra, skal ifylgje vg.no ha framsagt bombetrusselen på ein busstur frå Hønefoss til Oslo tysdag kveld.