Det vert vått dei neste dagane.
Det vert vått dei neste dagane. Foto: Stine Strand Carlsen

Mykje regn i vente

Det er berre å finna fram paraplyen.

- I neste veke vert det omslag til mildver, og snøen i låglandet vil få det tøft, skriv Meteorologene på Twitter.

Alt i dag, sundag er det fare for sludd og regn på Voss under jolegrantenninga i ettermiddag. Temperaturane skal liggja på ei plussgrad, og det er meldt omlag fire millimeter regn, skriv yr.no.

Regn heile veka

Det skal regna jamt og trutt heile veka. Mest regn får ein torsdag, der det i snitt skal koma 12 millimeter regn i timen på dagtid.

Ein kan med andre ord finna fram regnkleda.

Spent på om nysnøen blir liggande i#SørNorge? 🤔 I neste veke blir det omslag til mildver 🌡️ Og regnet kjem attende, så snøen i lavlandet vil nok få det tøft 💧pic.twitter.com/P9286tnRAR

— Meteorologene (@Meteorologene)November 28, 2019