KURS: I helga har Røde Kors Hordaland leiarkurs på Voss. Det betyr uniformert personell i området rundt Voss. Foto: Røde Kors Hordaland

Mykje uniformert personell på Voss i pinsen

På grunn av kurs vert det uniformert personell på Voss i pinsen.

Etter fyrst å ha kansellert den årlege regionkurshelga på Voss i pinsen, klarte Røde Kors å snu seg rundt på kort tid og arrangerer leiarkurs for frivillige i Røde Kors som skal leia lag i søk og redning.

– Det vert mykje uniformert personell på Voss i pinsen. Det vil nokon stader vera litt trafikk frå mannskap og køyretøy, mellom anna rundt Voss folkehøgskule, Bømoen og oppe i fjella rundt Voss, opplyser Sindre Aadland som er regionkursleiar i Hordaland Røde Kors.

LEIAR: Den årlege regionkurshelga er i gang på Voss. Det vert aktivitet døgnet rundt. Foto: Røde Kors Hordaland
Les også
Røde Kors: – Folk viser fjellvit og koronavit

Aktivitet døgnet rundt

Det vil vera aktivitet døgnet rundt nokon av dagane i pinsen.

– Me ynskjer ikkje å vera til bry for folk som er på Voss denne helga. Me tek så mykje omsyn som mogleg, og håpar at folk synest det er positivt at me utdannar nye lagleiarar til den frivillige redningstenesta, fortel Aadland.

Kurset er for å byggja opp kompetanse som er naudsynt for at mannskapa skal kunna gjennomføra leite- og redningsaksjonar.

– Eigentleg hadde me avlyst heile helga. Men då det blei endringar i retningslinjene knytt til koronaviruset, fekk me tommel opp frå folkehøgskulen og kommuneoverlegen. Me valde å prioritera det kurset som er det mest kritisk at me får gjennomført akkurat no. Me må ha nye lagleiarar i hjelpekorpset for å behalda vår operative evne.

Auke i talet på oppdrag

Dei siste åra har det vore ein stor auke i talet på oppdrag i Hordaland som Røde Kors har utført på vegner av politiet, helsevesenet eller for Hovudredningssentralen.

– I 2019 deltok me på 178 aksjonar i Hordaland. Med unntak av rekordåret i 2016, så har me hatt ein kontinuerleg auke i talet aksjonar sidan me byrja å måla aksjonsmengda systematisk i 2007. Rekordåret 2016 var spesielt høgt, knytt til hendingar rundt Trolltunga.

REGIONSLEIAR: Sindre Aadland er regionkursleiar og opplyser om kurset som skal føregå i helga. Foto: Røde Kors Hordaland
Les også
Vossaverksemder hardt råka - får gode tips no når samfunnet opnar opp att