KINSO: Ein mann vart funnen omkomen i Kinso. Biletet er teke i samband med flaumen i 2014. Foto: Karl Ystanes

Namnet er frigjeve

Viktor Gabriel Velander Antoniussen (29) frå Bergen omkom onsdag 19. februar i Kinsarvik.

Politiet har frigjeve namnet på den omkomne etter at ein mann vart funnen død i elva Kinso i Kinsarvik onsdag 19. februar.

Pårørande er varsla om og samtykkjer i at namnet vert frigjeve.

– Mannen skal obduserast før ein kan konkludera med dødsårsak. Me mistenkjer ikkje at noko kriminelt har skjedd, seier straffesaksansvarlig i Hardanger lensmannsdistrikt, Paul Henriksen til Hordaland.