Front mot front på E16 – fire personar involverte

Naudetatane rykte ut til ei trafikkulukke på E16 mellom Vaksdal og Trengereid torsdag ettermiddag. Ulukka skal ha skjedd ved Kjenestunnelen.

Meldinga om ulukka kom klokka 16.06 torsdag ettermiddag.

Ifylgje politiet skal ulukka ha vore mellom to bilar, og fire personar er involverte. Det er ikkje meldt om personskade.

Brannvernet melder at det skal vera snakk om front mot front, og at alle involverte er ute av køyretøya.

Som fylgje av ulukka vart vegen mellombels stengd i begge retningar, då både Bogatunnelen og Langhelletunnelen på kvar si side av Kjenestunnelen stengde.

Klokka 17.39 melde Vegtrafikksentralen at vegen er open for fri ferdsel.