Fredag ettermiddag vart vegen opna.
Fredag ettermiddag vart vegen opna. Foto: Jan-Egil Dyvik

No er vegen opna

Ingen fare for nye ras.

Litt før klokka fire fredag ettermiddag opna vegen mellom Dalseid og Stamnes. 

– Me meiner at me har kontroll, og at det ikkje er fare for at det kjem fleire ras på staden, sa Bente Bergstø i Statens vegvesen tidlegare på dagen. 

Fylkesveg 569 mellom Stamnes og Dale har vore stengd sidan onsdag morgon etter eit ras på 25 kubikkmeter stein over vegen.