No kan alle over 18 år i Voss herad registrera seg for vaksinering
Du kan registrera deg digitalt eller per telefon, opplyser heradet.
Frå og med i dag kan alle innbyggjarar over 18 år i Voss herad registera seg for koronavaksinasjon. Dette opplyser heradet i ei pressemelding.
Du kan anten registrera deg digitalt via nettsidene til Voss herad, eller ved å ringja 900 89 662 og tasta 2 for vaksinering. Heradet oppmodar til at flest mogleg nyttar digital registrering.
– Få gjerne ein som står deg nær til å hjelpa deg med registreringa, om du treng det. Om du er den som hjelper, logg deg inn med din eigen bank-ID og registrer vedkomande som ynskjer vaksine, står det i pressemeldinga.
Får melding når det er din tur
Prioriteringsrekkjefylgja for dei som skal få vaksine i Voss herad, er som fylgjer:
1. Bebuarar i sjukeheim (Ferdig)
2. Alder 85 år og eldre (Held på no)
3. Alder 75–84 år
4. Alder 65–74 år
og samtidig personar mellom 18* og 64 år med sjukdom/tilstand med høg risiko for alvorleg forløp (merkt med * i lista over risikogrupper under)
5. Alder 55–64 år med underliggjande sjukdom/tilstand (sjå lista over risikogrupper under)
Artikkelen held fram under annonsen.
6. Alder 45–54 år med underliggjande sjukdom/tilstand
7. Alder 18–44 år med underliggjande sjukdom/tilstand
8. Alder 55–64 år
9. Alder 45–54 år
10. Alder 18–44 år
– Når det vert di aldersgruppe som skal få vaksine, vil du få ei melding der du kan gå inn og velja deg time, opplyser Voss herad.
– Det kjem få vaksinar kvar veke
Voss herad held no på med vaksinering av gruppe 2, dei over 85 år som ikkje bur på institusjon.
– Det kjem få vaksinar kvar veke, og me fylgjer prioriteringa til FHI, står det i pressemeldinga.
Gruppe 1, 2, 3 og 4 og i tillegg helsepersonell over 65 år, skal få Pfizer-vaksinen. Førre veke starta også vaksineringa med AstraZeneca-vaksinen i Voss herad.
– Denne skal prioriterast til helsepersonell. Når kritisk helsepersonell er vaksinert skal ein starta med prioriteringsgruppe 5 med denne vaksinen, altså dei mellom 45–54 år med underliggjande sjukdom/tilstand.