Vy hadde straumproblem langs Bergensbanen. Fleire tog vart innstilte på strekninga.
Vy hadde straumproblem langs Bergensbanen. Fleire tog vart innstilte på strekninga. Foto: Marita Saue Hamre/Arkiv

Normal trafikk på Bergensbanen etter straumproblem

Straumproblem stengde Bergensbanen på strekninga mellom Hokksund og Hønefoss.

Sundag ettermiddag var Bergensbanen stengd mellom Hokksund og Hønefoss på grunn av straumproblem. 

Nokre timar seinare melde Vy at problemet var løyst, og strekninga var opna att for togtrafikk.

Toga køyrde traséen via Roa, medan passasjerar mellom Drammen og Hønefoss blei frakta med buss.

Innstilte tog

Ettermiddagstoget frå Oslo S til Bergen vart innstilt mellom Oslo S og Hønefoss.

Toget som gjekk frå Bergen til Oslo S klokka 11:59 med framkomst i Oslo klokka 19:05 vart påverka av straumproblemet, òg.