«HISTORISK»: Erna Solberg på synfaring ved skredet som gjekk ved Hyvingstunnelen i 2016, der eit vogntog vart teke. No lover regjeringa oppstart av ny E16 i løpet av dei komande seks åra. Foto: Karl Ystanes

Ny E16 og jernbane Arna-Stanghelle er med i NTP

Regjeringa vil byggja både Hordfast og ny E16 og jernbane mellom Arna og Stanghelle, men nøler med å seia når arbeidet skal byrja.

Dette melder NRK onsdag ettermiddag, under tittelen «Pengedryss over Vestlandet».

Regjeringa legg i desse dagar siste hand på Nasjonal Transportplan, som er styringsdokumentet for kva som skal skje på samferdselsfronten i landet dei komande ti åra. Regjeringa lover ifylgje rikskringkastinga både ny E16 og gigantbru på E39 til over 60 milliardar kroner.

Regjeringa legg opp til at prosjektet Hordfast og ny E16 og jernbane mellom Arna og Stanghelle skal realiserast. Totalt vil prosjekta kosta 64 milliardar kroner, skriv NRK, som fortel at regjeringa «slår på stortromma og set av pengar til begge delar i ny nasjonal transportplan.»

Veg fyrst, så bane

Når det gjeld veg og bane mellom Bergen og Voss, så vert det altså ny veg og jernbane på E16 mellom Arna og Stanghelle.

Dei skal byggjast «nokolunde samtidig», skriv NRK, og viser til eit kostnadsoverslag som syner ein prislapp på 26,4 milliardar kroner.

Ikkje tidfesta oppstart

NRK skriv vidare at regjeringa førebels ikkje har tidsfesta årstalet for oppstart av arbeidet mellom Bergen og Voss. «E16 mellom Arna og Stanghelle er prioritert for oppstart i løpet av dei neste seks åra.», skriv dei.

Til NRK seier statsminister Erna Solberg at satsinga er «heilt historisk», og at dei ser for seg at arbeidet med vegen vil byrja før arbeidet med ny jernbane.

– Om ein startar med vegbygging fyrst, betyr det ikkje at bana ikkje kjem, men kan få eit til to års forseinking, seier Solberg til NRK.