Ein koronapasient innlagd på Voss sjukehus

Måndag vart ein person som er smitta av koronaviruset innlagd på Voss sjukehus.

Personen er koronapasient nummer 13 på Voss sjukehus sidan koronapandemien braut ut i mars.

Solveig Vestrheim Stue, direktør ved Voss sjukehus, fortel at pasienten ligg på sengepost på sjukehuset.

Ligg på sengepost

– Eg kan ikkje seia noko meir om tilstanden enn at pasienten ligg på sengepost, og ikkje intensivavdelinga, seier sjukehusdirektøren.

Førre veke vart to koronasmitta innlagde på sjukehus, men desse er no skrivne ut att.

Les også
Student Synnøve (22): - Eg føler eg vert smitta berre ved å gå ut døra
Les også
Aslaug og Nils lyser opp låven for å spreia håp i bygda