Ny koronasmitta i Ullensvang

NY KORONASMITTA: Ullensvang har fått sitt femte tilfelle. Foto: Marita Saue Hamre

Det er registrert eit nytt tilfelle av covid 19-smitte i Ullensvang.

Tilfellet vart stadfesta torsdag. Dette er det femte tilfellet i kommunen.

– Me har hatt dialog med vedkomande og gjort nødvendige tiltak. Kommunen har god oversikt over situasjonen og nærkontaktar rundt. Den smitta er i isolasjon under trygge tilhøve. Dei andre prøvesvara me har fått i dag er negative. Det gjenstår ein prøve det ikkje er kome svar på enno, sier Ullensvang-ordførar Roald Aga Haug på kommunen si heimeside.