NY POSITIV TEST: Tre personar har testa positivt for koronavirus i Eidfjord siste to dagane. Foto: Ingvild Siglen Berger

Ny positiv test i Eidfjord

Av dei 76 personane som vart testa for covid-19 i Eidfjord i helga, er det to positive resultat. Eidfjord har no tre covid-19-smitta.

Det melder ordførar i Eidfjord, Anders Vatle, måndag ettermiddag.

«Dei to positive testresultata var venta og utløyser ikkje fleire nærkontaktar. Dette vil seia at Eidfjord har no totalt 3 smitta.», skriv Vatle.

Karantene

Nærkontaktar til dei smitta er i karantene, medan dei som var i ventekarantene i påvente av testresultat er gått ut av karantene, fortel Vatle.

Ukjend smitteveg

«Smitteveg er førebels ukjend, men me mistenkjer ikkje at det er villsmitte i kommunen. Eidfjord kommune har sett i gang eit omfattande arbeid og har god oversikt over situasjonen. Det vert utført massetesting av bebuarar og tilsette på Eidfjord bygdaheim jamnleg denne veka.»

Held seg til nasjonale føringar

Ordføraren fortel at Eidfjord kommune framleis held seg til nasjonale råd og føringar, og har ikkje innført lokale restriksjonar utover at Eidfjord bygdaheim er stengd for besøkjande.

«Likevel er det viktig at alle er bevist på dei nærkontaktar me skapar og held dette på eit lågast mogleg nivå.», skriv Vatle.

«Alle må følgja nasjonale retningslinjer og vera særskilt merksam på symptom. Ved symptom ber me om at de held dykk heima og tek kontakt med doktarkontoret for å avklara eventuelt behov for testing.», formanar ordføraren.

Vaksineringa går som vanleg

Arbeidet med vaksinering vert ikkje påverka av smittesituasjonen. Det går som planlagt og dei som er sette opp til vaksinering er kontakta, fortel Vatle.

Les også
Eidfjord ventar svar på 76 testar – sjå koronastatus for alle kommunane her
Les også
Ny smitta i Vaksdal