FYLKESVEG RASA UT: Slik såg fylkesvegen ut mellom Ulvik og Osa torsdag ettermiddag. Det vert ny vurdering av rasstaden fredag føremiddag. Foto: Silke Hein

Ny vurdering av rasstaden fredag

I løpet av føremiddagen vert det gjort ei ny vurdering ved rasstaden mellom Ulvik og Osa.

Torsdag ettermiddag gjekk det eit stort ras mellom Ulvik og Osa, som gjorde at heile fylkesvegen rasa ut.

Ifylgje Vegtrafikksentralen vest vil det bli gjort ei ny vurdering ved rasstaden klokka 10 fredag.

Kom fyrst til staden

Lars Osa Bratteli var den fyrste som kom til rasstaden ved Osafjorden.

Til Hordaland fortel han at om dramatisk syn då heile vegen hadde rasa ut framfor han.

– Eit stykke bak meg kom forresten skulebussen. Så eg fekk i alle fall stogga den, før han var framme ved staden. Dermed slapp bussen å rygga den lange vegen tilbake, sa Lars Osa Bratteli til Hordaland torsdag ettermiddag.

Sjå video frå rasstaden:

Isolerte på «feil» side av vegen

Torsdag ettermiddag vart det sett opp båttransport frå Hjeltnes og Osa, for å få folk heim frå jobb og skule men fredag er det ikkje planlagt båttransport.

– Me vil ordna båtskyss for personar med kritiske funksjonar i arbeidslivet. Utover dét vert det ingen båttransportar fredag. Så for skuleungdom og andre arbeidsfolk vert det mest truleg tidleg helg, sa Hans Petter Thorbjørnsen, ordførar i Ulvik, torsdag.

Det skal ikkje ha vore personar i nærleiken då raset rasa utover fylkesvegen.