21 SMITTA TIL NO: To nye personar har fått påvist koronasmitte på Voss i dag. Illustrasjonsbilete. Foto: Pixabay

Nye koronatilfelle i Voss herad

Onsdag vart det påvist to nye tilfelle av korona i Voss herad.

Dette går fram av ei pressemelding frå Voss herad 25. mars. Saman med eitt tilfelle stadfesta tysdag 24. mars er det no registrert 21 personar med påvist smitte, heiter det i meldinga.

Begge dei to som vart stadfesta i dag er relativt unge, og har lette til moderate symptom. Ein av desse melder om mellombels tap av smak- og luktesans. Dette er eit symptom som er registrert hjå om lag ein tredel av dei som har testa positivt i Voss herad. Dette stemmer også med funn i ein større tysk studie av koronasmitte, skriv Voss herad i pressemeldinga.