NY SMITTE: Ordførar Roald Aga Haug melder om nye smittetilfelle. Foto: Sigrid Seim

Nye smittetilfelle i Ullensvang fredag. – Me kan ha villsmitte

To nye smittetilfelle er melde i Ullensvang fredag. Totalt er 38 smitta i dette utbrotet.

– Det er teke mange testar dei siste dagane og hurtigtestane har kome attende med negative prøvesvar. Vaksinasjon vert gjennomført effektivt og me får vaksinert dei me skal etter prioriteringslister og tilgang på vaksinar, melder ordførar Roald Aga Haug i ei pressemelding fredag ettermiddag.

– Det er no ikkje kjende «aktive» smittevegar inn i skular og barnehagar. Og me har enkeltpersonar som er smitta utan kjent smitteveg. Det medfører at me kan ha villsmitte som det er vanskeleg å spora, melder ordføraren.

Stengd avdeling

Ei avdeling på Bokko bo og behandling er stengd på grunn av at der er ein smitta bebuar. Det vil difor verta innført besøksrestriksjonar, opplyser kommunen.

– I den situasjon som er no i samband med påvist smitte i tenesta, vil me så langt det er råd drifta helsetenestene våre utifrå det som vert vurdert til å vera normal drift. Skulle situasjonen endra seg, kan det etter kvart verta nødvendig å gjera ulike prioriteringar som kan påverka dei tenestene me yter. Mellom anna kan det verta naudsynt å endra det tilbodet me yter til den enkelte brukaren. Dette vil bli gjort ut ifrå daglege vurderingar rundt situasjonen, og vurderingar rundt den enkelte brukaren, seier ordføraren i pressemeldinga.

Les også
Væpna politi rykte ut etter falsk bankalarm