SMITTE: Roald Aga Haug, ordførar i Ullensvang kommune, melder om nye smittetilfelle i kommunen. Foto: Karl Ystanes

Nye smittetilfelle i Ullensvang. – Smittevegen er kjend

Ordførar Roald Aga Haug melder tysdag kveld om nye smittetilfelle i Ullensvang.

– To nye personar med positiv koronatest i dag. Smittevegen er kjent, melder ordføraren i ei pressemelding i 20-tida tysdag.

Nesten 50 i karantene

Per i dag er det i alt ni personar som er smitta i kommunen.

Og det er 49 personar i karantene.

Les også
To koronasmitta døde i Ullensvang sundag